søndag 2. oktober 2011

Telefonen

Mine forventningar til telefonen var ikkje så veldig stor, med tanke på kva slags andre forestillingar med hadde hatt før dei. Eg forventa eigentleg eit kunstnerisk og komplisert stykke om korleis telefonen øydellegjar vårt sosiale samfunn. Men det som skjedde, var eit morsomt musikalskt stykke om ei dame som var altfor opphengt i å snakke i telefonen enn å høyre på kva kjærasten ville seie.

Først og fremst vil eg seie at eg synast at aktørane i dette musikalske skodespelet var utroleg flinke. Ikkje berre var dei talentfulle sangara, dei var heller ikkje så dårlege skodespelara. Dei var truverdige i rolla, morsomme, og interresante. Spesielt synast eg  den utrolige gleden og optimismen den mannlige aktøren viste i byrjinga i scenen var utroleg morosam. Enda bedre var det når sinne og irritasjon prøvde å ta overhand, men likevel prøvde å halde seg blid og rolig, i sin søk om å spørre om han kunne gifte seg med dama, den andre personen i musikalen.  Det var også bra jobba med musikk av personen som spelte piano, som gidde musikk og stemning til scenen.

Som oppsummering vil eg seie at eg var meget fornøyd med denne musikalske førestellinga, sidan den var både oppløftande, morosam, og ikkje komplisert på noko måte, i forhold til de 2 andre forestillingane me har hatt. Eg er fornøyd.