onsdag 31. august 2011

Norge idag

Det å være Norsk i dag
Det å være Norsk i dag, har endra seg drastisk over kort tid. For mindre enn 200 år sidan så var Noreg det vakraste, beste og det mest utrulege du nokon gong hadde sett og høyrt om. For Nordmenn i vertfall. Framleis er det mange i vår tid som tenkjer sånn, meg inkludert til tide og utide. Men for å overleve i denne merkelige, skumle verden så kan ein ikkje gå vekk ifrå den ideen at sjølv om me har det utruleg kjekt og fint i vår kvardag, så er det millionar på millionar som slit kvar dag. Desse menneske ser ingen anna løysning enn å reise frå vondskapen og urettferdigheita som rammar dei kvar dag, og den løysninga for mange som blir ramma, er å reise til Noreg.
Meg personlig så er det ikkje noko problem at vårt store land får fleire innbyggjarar, sjølv om dei har ein anna religion eller har ein anna utsjånad. Men det er jo min meining, det er jo den gruppe menneske som gruer seg over tanken om at ein Islamsk mann kan styra ein butikk, eller gifter seg med ei norsk dame. Dei har den idiotiske ideen om at viss ein ikkje klarar å stoppe innvandrande menneske, kjem dei til å ta over vårt kjære land.
Den 22. Juli, 2011, skjedde det utenkelige. Bomber i Oslo, og drap gjort av en gal mann, ryste Noreg. Ein mann med eit vridd syn på verkelegheita, var så Høgreradikal at han gjekk til angrep på  ungdommar som var politisk aktiv, ungdommar som på ein eller anna måte trudde på det at innvandrarar har ein rett på å få ein sjanse for eit godt liv i vårt land, viss dei er villig til å yte ein innsats. Vårt mål for vårt land er nå å bryte gjennom sorga,  og å prøve så hardt vi kan til å fortsette med kvardagen, uansett kor vanskelig det no måtte bli framover.

1 kommentar:

  1. Eg synest du gjev eit balansert bilde av å vera norsk her, Martin. Me er priviligerte på mange måtar, men ein del menneske treng nok jobba med haldningane sine om Noreg skal bli ein endå betre stad for oss alle.

    SvarSlett