søndag 3. juni 2012

Ein tur verdt å ta


Når ein kjem til Roma, vil ein kanskje ha ein formeining om kva det er å sjå i Roma. Ein kan raskt lage seg ein meining om fleire bygg, fordi du har sett dei i bøker og på internett. Men uansett kor mykje førebuing du gjer, vil du uansett bli fascinert av dei monumentale, fantastiske bygga som er i Roma, slik som det storslåtte og dekorerte bygget St. Peters Kyrka, eller kanskje alle gudars tempel, Pantheon, eller den berømte spanske trappa. Uansett, så er eg sikker på at viss du ein gang i ditt liv bestemmer deg for å reise til Roma, så er det ein tur du aldri vil angre på.
Denne turen bør definitivt nytast med andre, så derfor var me så heldige at denne var ein klassetur. Me var 26 elevar, og alle var veldig klar for ein fortreffelig Roma – tur. Me reiste tidlig på Flesland, ca 5:30 tida, slik at når me kom til Italia, kunne me så raskt som overhovudet mogleg å byrje å sjå alt Roma hadde å tilby. Og det skal eg sei deg, det er ekstremt mykje!
Det som er veldig viktig i Roma er å passe på tinga sine, og å være årvaken. Dette er fordi det er ganske mange lommetjuvar i denne byen, spesielt på flyplassen og på metroen. Dette fekk me fleire strenge beskjedar om, og heldigvis vart det ingenting som blei stole under heile turen. Me kom til hotellet vårt, som læraren vår tidligare hadde sagt, at kvaliteten på hotellet var kanskje ikkje det beste. Bildar av kakerlakkar og spissmus som sprang rundt omkring på hotellet slo til i hovudet mitt, men heldigvis var det ikkje akkurat slik. Det var eit flott hotell, som nytta oss godt som soveplass og frukostplass. Dette var no eigentleg det einaste me trengde å bruka hotellet til, for når me var i Roma var det mykje å sjå, men altfor lita tid til å sjå på det.


Det første meg gjekk for å sjå på, var Spansketrappa. Her var det ein heil del folk som både slappa av på dei kvite, men likevel varme steinane, mens dei naut sola med italiensk ’’gelatto’’, og såg på det rennande vatnet til fontena La Baraccia. Spansketrappen følgde vidare oppover til kyrkja som blir kalla Trinita de Monti. Spansketrappa blei jo bygd pga at før trappa kom, var det ein veldig bratt skråning opp til kyrkja som var vanskeleg å bestige, så derfor fekk dei arkitekten Fransesco Sanctis og Allesandro Specchi til å laga trappa, sjølv om mange meiner at han skal ha brukt teikningar som Bernini hadde laga. Sjølv om mange syntes godt om denne trappa, så var det nokon som blei litt sint på namnet som hadde blitt gitt til trappa. Franskmennene blei arg sidan det var ein fransk diplomat som betalte for trappa. Franskmenna hadde eigentelg tenkt at det skulle være ein statue av solkongen, Ludvig den 14. på toppen av trappa, men dessverre blei ikkje det noko av.

Seinare på turen vår, reiste me for å sjå på Pantheon, også kalla for alle gudars bygg. Viss du har sett nokre bilete av da på internett eller bøker, vil du raskt forstå at dette er eit svært bygg, men eg tvilar på at du ikkje heilt skjønnar kor stort det er før du har sett det i verkelegheita. Pantheon er eit av Romas mest bevarte bygg, og blei reist av keisar Hadrian i ca år 120 e.kr. Det blir sagt at det var ein bygning der før av Pantheon, som blei laga i år 27 f.kr, men denne blei heilt øydelagt i år 80 e.kr, og gjenreist av keisar Domitian, og så blei han øydelagt av eit lynnedslag i år 110, og deretter gjenreist igjen. Pantheon er samansatt av ein søylefasade og ein kuppelforma sylinder. Sylinderen er bygd i typisk, romersk materiale, altså teglkledt betong. Murene var eigentleg originalt marmorkledte. Denne bygningen har også våre til inspirasjon til fleire andre bygg, som for eksempel Firenzes domkyrkje. Arkitekten til denne domkyrkja, Filippo Brunelleschi, klatra opp om natta, skjult av mørket, opp på kuppelen, for å studere byggeteknikken. Til og med Michelangelos kuppel i Peterskyrkja har  tatt inspirasjon frå det storslåtte Pantheon.

Men det er ikkje berre dei forskjellige historiske plassane du må besøka i Roma. Du har vel heilt sikkert høyrt mange historier om at i Italia, er ein av verdens beste plassar å ete mat. Eg er ikkje heilt sikker på om det er verdens beste plass, men gjer du som kanskje 99% av alle som reiser til Roma og et ute på byen, så er eg heilt sikker på at du ikkje blir skuffa over utvala av mat, og ikkje minst korleis det smaker. Eg kan hugse eg og nokre kameratar reiste på restaurant aleine i byen, og me fann ein restaurant like med eit gatehjørne som eg dessverre ikkje hugsar. Det var tidlig kveld den dagen, med lyse gater overalt med travel trafikk som ikkje brydde seg noko om du har lyst å gå over vegen. Dei tutar i vei, og lagar ein symfoni av stress og ein stemning av travelheit og sinne. Me lar ikkje dette påverka oss, så me fortsetje mot restauranten. Der blir me møtt av nokre italienarar som med glede viser oss til eit bord like utanfor bygningen. Me skjønnar raskt at dette er ein litt fin plass, og at det er moglegheit for at det kan være litt dyrt, men som dei fleste plassane der ein kan ete mat i Roma, så er det ikkje så veldig dyrt i forhold til prisstandaren i Noreg. Der fekk me alle servert lasagne. Og den var fantastisk. Det var som om de hadde på mirakuløst vis laga smør som ser ut som og smaker som lasagne, men likevel klarar å få det til å kjennes som om det smelter på tunga. Det var kanskje berre lasagne, men det var den beste lasagnen eg nokon gong har smakt, så da å gå på restaurant er noko du må unne deg.
Me besøkte mange andre plassar, slik som vatikanmuseet, forum romanum, Trevi fontena, og mange andre historiske områder. Viss eg må nemna ein favoritt, så må det være vatikanmuseet, pga all den historiske kunsten og spesielt det bilde av Gud som lagar det første mennesket, Adam. Eg anbefaler sterkt å reise til Roma, for maten, kunsten, og historia denne byen har å by på. Reis til Roma, du kjem ikkje til å angre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar