tirsdag 23. november 2010

Sist veke var det ein teater framsyning. Eg kan ganske enkelt sei at heile stykket var ganske... spesielt.

Litt informasjon om framsyninga. Den har tatt inspirasjon ifrå eit eksperiment på hunder gjort for nokre tiår sidan (Hugsar ikkje kortid). Dette eksperimentet gjekk ut på at ein hundegruppe, gjekk inn i eit bur som hadde strøm i seg, og einaste måten ein kunne slå det av, var å trykke på ein knapp stasjonert inni buret. Hundane lærte fort å trykka på knappen sekundet strømmen gjekk på. Men på motsida skjedde nett det same. Hundar vart satt i eit bur, og når strømmen kom på, var det ingen mulighet for hundane å slå den av.
               Det som skjedde var at da blei ein merkbar senkning i viljestyrke hos dyra som ikkje hadde noko valg.

Og sånn byrjer teater framsyninga. Ein forstår i byrjinga kva som foregår, og ein prøver alltid å forstå dei forskjellige skjulte betydningane mens skodespelet held fram. Men ein eller anna plass kom eg heilt fullstendig ut av kva som faktiskt skjedde, og forstå til slutt ingenting om kva som skjedde eller kvifor det skjedde. Til slutt virka alt så ganske uforståeleg at det heile virka humoristiskt på ein rar og absurd måte.
              Dessutan har eg sett desse skodespelarane før, når dei var på skulen våras for nokre år sidan, og hadde på følelsen at det meste hadde eg sett før.

Poenget var vel, i vertfall byrjinga, det der med hundane og at det ikkje er rett å drive eksperiment med dei. Men etter ei ganske kort stund skifta dei perspektiv på heile skodespelet. Det enda med kva da forrige framsyninga handla om, altså det med ungdommeleg usikkerhet, press og valgets kvaler med utdanning.

Alt i alt likte eg det, men beskjeden synest eg var litt utydeleg til nokre plassar, og likte ikkje heilt at dei kopierte det forrige dei hadde laga. Men det var bra laga, og underhaldande og sjå på, så kvifor klagar eg?

- Martin Leigland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar