torsdag 6. januar 2011

54 millioner kroner godt brukt!

Kongen av Bastøy. Mine forhåpningar for denne filmen var ikkje noko stor, sidan eg trudde det ville bli ein alminnelig, og kjedeleg skrekkfilm, etter at nokon sa at den var ganske ''sterk'', tenkte eg at den ville være proppfyllt med billige skremslar og uverkelg historie. Eg unnlata å få noko som helst informasjon eller visualisering av filmen før eg såg den, så eg visste absolutt ikkje kva filmen handla om i da heila. 

Men det som skjedde var at eg fekk oppleva ein overraskande god film, med gode skodespelara, bra setting, og flott kameraarbeid! Mykje av det som gjorde filmen bra, var måten direktøren klara å få meg og alle andre i salen med på dei gode si side. Mange syntest kanskje at det tok for lang tid før filmen faktisk kom til sitt klimaks, men for min del var alt det som skjedde før ekstremt viktig for å gje deg eit perspektiv om korleis dei gjorde ting på øya Bastøy. 

Viss ein har litt peiling på kameraer og film, ser ein etter ei stund at filmen har tatt i bruk CinemaScope. Dette gjer filmen eit gammaldags preg, som passer fint til 1915 - miljøet som filmen utførar på eit mesterleg vis. Skodespelar prestasjonar av gode og kjente skodespelarar, er som vanleg godt utført. Men dei som verkeleg utgjør noko stort er nykommarane. Hovudpersonen, Erling, blir spelt av det ein først trur er ein amatør aktør, men ein innser raskt at denne personen er meget profesjonell. Han frambringer ein troverdig og interresant karakter, som viser sterkt ein mann som har gått gjennom ein del til tross for sin unge alder. Den andre hovudpersonen, Olav, som hjelper Erling med sine handlinger, spelar ein meget dynamisk person, og utvikler seg fra ein regel følgjar, til ein person som ser alt det gale med Bastøy, og velgjer å gjera noko med det. Denne prestasjonen likar eg mykje. 

Slutten er sterk, og viser slåssing, angrep på politi, og nesten drap. Opprøret blir brote ned ganske raskt av armerte menn som dei ikkje klarar å slåss imot, som gjorde meg og mange andre ganske sure, men ein kan ikkje endra på denne mørke historien. Slutten av filmen er ganske dramatisk, og minner altfor mykje om den internasjonale storfilmen, Titanic. 

Alt i alt er det ein svær film som byr på store gleder, sterke scener, og tristhet. Det var også ei stor gleda og sjå filmen med andre mennesker, sidan på slutten heia nærmast alle i salen på ungdommane som kjempa mot urettferdighet!

God film, gode skodespelara, og god setting. Men ikkje perfekt, sidan filmen minnar ganske sterkt om andre ''fengselsfilmar''. Eg gjer han ein god 5'ar.

-Martin Leigland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar