mandag 10. januar 2011

Ein ny generasjon av kunst!




Motiv: Biletet viser ein heilt grå bakgrunn. Målaren, Jackson Pollock, har så vidare dryppet maling på lerretet og brukt kvit og svart som hovudfarge. Han har etterpå blanda og lekt med fargene, blanda inn blå og hint av grønn. Mesteparten av bildet er ganske likt, men dette er typisk action painting.

Komposisjon: Linjene i dette biletet er ikkje rette i det heile. Ein kan lett sjå at det einaste denne mannen har gjort, er å dryppa maling på lerretet, og å blande kalde fargar.

Fargar og lys: Man kan lett sjå at Jackson Pollock, er sterkt preget av vinteren i dette tilfellet. Med sine mørke farger, og avslappande blå fargar, gir dette bildet ett unikt preg. Dette er kva ein kallar for abstrakt, sidan det eigentlig ikkje er noko figurativt i det heile med dette bildet. Kvitfargen har han fått til å ligna på snøflak, noko som i min meining er ganske spennande. Ein kan lett tru at alt dette er ganske tilfeldig, men det er det ikkje. Du har sett at han med vilje ikkje brukar så mykje svart i biletet, fordi det er så dominerande. Kvitfargen er ganske dominerande i dette biletet synast eg, og gjer biletet enda meir liv, og blir generelt sett kjekkare å sjå på.

Tittel: Number 1. Dette er ein tittel for masseproduserte varer, noko som eg synast er hysterisk ironisk. Mange bilder går ann å kopiere og forfalske, men det er nærmast sagt umulig å gjere med eit av Jackson Pollock sine bilder. Dette er fordi det er uhyre vanskeleg å kopiere dei forskjellige malingsdryppa hans, og den enorme tida det tok å lage disse bildane.

Tilskodaren: Ein må kanskje veta littegrann om kunsthistorien for å forstå dette bildet her. Dette er fullstendig originalt, fordi da hadde rett og slett aldri blitt gjort før, derfor er dette hovudgrunnen til at biletet blei så poulært, i likheit med dei andre bileta han laga.

Konklusjon: Biletet både provoserte, og inspirerte mange kunstnara, og laga ein heilt ny sjanger som blei med kunsthistoria. Og det var ikkje berre det at det var nytenkjande. Det var faktisk ganske bra laga av Jackson Pollock, og ein kan sjå at han har lagt mange dagars arbeid ned i maleriet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar