søndag 9. januar 2011

Amicizia

Fotball er ein sport. Det handler om å sparka ein ball i eit nett, men sjølvsagt er spelet mykje djupare og sterkare enn det. Mange meiner at fotball, det er ein nasjonalitetssport. At det ikkje er vanlige mennesker i eit lag som spelar, men at dei forskjellige stadane og landa krigar mot kvarandre i ein kamp om kvem som er best.  Derfor er det ein stor mengde folk som har dedikert livet sitt til fotball, og vil oppleva alt da har å tilby.

Med alle sporter er det fans, og så er det alltid fans som vil gjera alt for å støtta laget sitt, og heia dei fram til seier. Men å blanda gal lidenskap, med innflytelse fra utruleg mange mennesker, er farleg. Og når ein og blandar alkohol inne i biletet, kan det oppstå vold og ofte drap i slike samanhengar.

Eit av dei mest beryktede er ''The Heysel Stadium Disaster'', der 39 mennesker blei drepen, og over 600 skadd. Kampen var mellom Juventus, Italia, og Liverpool, England. Dette bildet som er vist ovanfor, er eit minne til menneska som vart drepen og såra, og blei tatt 25 år etter hendelsen. Dette biletet viser publikum stave ut ordet Amicizia, som betyr ''Vennskap''.

Biletet viser at menneska kan læra av sine feil, og retta opp i dei. Etter denne hendelsen, har det såkalla ''Hooliganism'', nesten ikkje vore til stades.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar