mandag 25. april 2011

Den suksessfulle forfattar

Eg har alltid hatt eit ganske hyklerisk syn på forfattara. Når ein forfattar dukkar opp i hovudet mitt, tenkjer eg ofte på ein gammal mann med tjukt skjegg rundt andletet og ei pipa i munnen. Dei er ganske eksentrisk på at ungdommar skal lese meir litteratur, og meiner det at ungdommen idag gjer altfor fort opp når det gjeld å lese bøker og me blir både dumme og sløve viss ein kastar bort den fantastiske muligheita me har for å bli ein god skrivar.

Dette her har eg trudd i mange år, kanskje ikkje kvar dag, men når temaet kom opp i samtalar blei da bildet som eg har beskrevet, poppa opp i hovudet mitt. Så mine forhåpningar for forfattarbesøket, var eigentleg ikkje så veldig stor. Men det var eit sterkt visuelt bilete å faktisk sjå denne personen. Han var ikkje noko skjeggbustete mann med briller eller pipe, neida, han kom inn i klasserommet med strak rygg og findressen på seg, og såg relativt suksessfull ut. Og der endra mitt syn på forfattara.

Men nok om min store åpenbaring. Forfattaren me hadde besøk av heite Geir Olav Jørgensen, og har skrevet  ein roman kalla Forteljingar frå utsida, og er ein samling på tre forskjellige bøker. Han fortalde oss om desse bøkene, og fortalte litt om andre forfattarar som var aktuelle idag. Me spurte han mange relaterte spørsmål, og mange urelaterte spørsmål. Alt i alt var det ein kjekk oppleving, sjøl om eg synast at det var ei altfor kort tid ein kunne spurt han om allslags ting han har opplevd. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar