tirsdag 24. mai 2011

Fast and furious five

Det var ein trøtt, kald og skummel morning. Eg vakna opp med trøtte auge, og tenkte at denne dagen ville ikkje være noko annleis enn den andre. Men gjett om eg tok feil.
Vår kjære lærar Annbjørg hadde visst bestemt seg for at klassen vår skulle gjere noko spesielt idag, sidan det hadde vore ein så stor suksess i fortida. Ho kom på den glimrande ideen om at me alle sku sjå film, og til slutt bestemte me oss for å sjå den nye action filmen; Fast and furious 5, etter mykje om og men.


Viss du ikkje har vore kjent med fenomenet som er denne filmen, så skal eg raskt gå igjennom kva det går utpå. To mennesker er frå rømmen frå politiet, og dei må på ein eller annan mystisk og hemmeleg måte finne noko dei kan livnære seg på. Sjølvsagt kan dei ikkje gjere dette lovleg, sidan dei er etterfulgt, men dei kan heller ikkje gjere noko ulovleg mot greie personar. Så derfor har filmen bestemt at dei skal robba ein fyr som ikkje er så veldig snill, for så å leve i sus og dus til dei forsvinn frå denne verda.


Eg må sei dette med eingong. Dette er ein rein action film. Historien synast eg var berre ein unnskyldning for å sprenge ting i lufta. Og dette veit produsentane. Det var heseblesande action frå topp til tå, og publikum elska da! Men sjølv om denne filmen her var meint for action fans av 12 års alderen og opp, så følte eg at dei kunne fokusert litt meir på historien, sidan eg synast at noko av dialogen var hysterisk dårlig, og det gjorde filmen kanskje litt meir useriøs enn kanskje produsenten ville ha det til.

Men da filmen gjorde eksemplarisk bra, var jo sjølvsagt action scenane. Mange av desse tinga som kanskje ville vært enklare, men meir urealistisk kunne blitt gjort på data, men det er eg glad for at dei ikkje gjorde. Mange av dei mest spektakulære stunta er faktisk ekte, uten noko bruk av CGI eller andre spesialeffektar. Man kan lett sjå at dei har mange profesjonelle aktøra, stuntmenn og fagfolk til sin disposisjon, og det ser ein igjen ganske lett på dei forskjellige ekstraordinære momenta i det levande biletet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar